Gå til sidens hovedinnhold

Ap seier ja til ny vestlandsregion

Artikkelen er over 4 år gammel

Med eit overveldande fleirtal, gjekk Sogn og Fjordane Arbeidarparti inn for ein stor vestlandsregion.

Representantskapen i Sogn og Fjordane Ap bestemte seg torsdag for å seie ja til intensjonsavtalen om å gå inn i ein stor vestlandsregion saman med Hordaland og Rogaland.

Det vart avgjort under eit partimøte på Scandic Sunnfjord Hotell torsdag kveld.

Då røystene var talde, hadde 59 røysta for, medan 8 røysta imot.

Nøgd med utfallet

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Ap, Hilmar Høl, er særs nøgd med at fleirtalet var såpass stort at det ikkje vart splitting i partiet.

Avgjersla partiet fatta blir no retningsgjevande for Ap sitt vidare arbeid i saka om samanslåing av dei tre vestlandsfylka.

Høl fortel til Firda at han forstår at det er delte syn i denne saka, men så lenge Regjeringa har fleirtal for at Hordaland og Sogn og Fjordane skal slå seg saman, så meiner han det er viktig å få ein så stor vestlandsregion som molgeg.

Ved å slå saman Rogaland, Hordland og Sogn og Fjordane, meiner han det kan skapast ein kraftfull vestlandsregion som ein motpol mot Oslo-makta.

Høl påpeikar også at det er viktig at Sogn og Fjordane også får ein viktig posisjon i ein eventuell ny stor vestlandsregion.

–  Vi må få tilført arbeidsplassar som gir vekst i Sogn og Fjordane også. Vi må sikre at det vert offentlege admininstrative einingar i Sogn og Fjordane, ikkje berre i Hordaland, seier Høl.

AUF ville ha folkeavstemming

Under møtet fremja også AUF eit forslag om at dette skulle ut som folkeavstemming, men forslaget deira fall.

Kommentarer til denne saken