Gruppeleiar Arlene Vågene i Høgre si kommunestyregruppe er heilt klar: Dei kjem til å jobbe for eit rullerande barnehageopptak i Kinn kommune.

Dette vil dei skaffe pengar til allereie i revidert budsjett i juni med verknad frå hausten av.

– Fram til kommunestyremøtet i juni, der vi skal vedta revidert budsjett, skal vi finne pengar til å legge til rette for eit rullerande barnehageopptak i Kinn.

Rullerande barnehageopptak er måten dei legg til rette for barnefamiliar i Sunnfjord kommune. Vågene meiner at måten dette er blitt løyst på i Sunnfjord, kan vere grunnlaget for korleis ein kan legge til rette for småbarnsforeldre også i Kinn kommune.

– Som eg har sagt før så kan vi bruke tilsette i ein bemanningspool, der kommunen kan tilby meir fleksible ordningar. Eg ser føre meg ein trekkspelfunksjon i nokre barnehagar, slik at vi har den fleksibiliteten vi treng til å kunne ta inn ungar etter behov.

– Kor dyrt blir det å ha rullerande barnehageopptak, trur du?

– Det veit vi ikkje. Men i Sunnfjord starta dei med å legge inn 500.000 kroner i budsjettet. Så har det gått med eit overforbruk på 1,5 millionar i 2021 ut frå behovet dei såg dei hadde. No vil vi legge dette inn i revidert budsjett med ein halvårseffekt, for hausten 2022. Då vil vi vite meir om kva behovet er, slik at vi får sett av eit meir presist beløp inn i 2023-budsjettet fram mot jul, seier Vågene.

Redninga for ein kommune med økonomiske utfordringar er tilflytting og barnefødslar. Men då treng ein også barnehageplassar.

Ulogisk

Ho meiner alt anna enn ei slik fleksibel ordning er å ikkje ville legge til rette for tilflytting.

– Alle politikarar ønskjer tilflytting, men då må vi legge til rette for det. Dette handlar om å bruke midlane våre riktig. Om folk som får seg jobb her i regionen skal vurdere Sunnfjord kommune, som tilbyr barnehageplass, opp mot Kinn, der du ikkje får plass, så gjer vi valet deira altfor enkelt, slår høgreleiaren fast.

Ho er også klar på at dei i Kinn Høgre kjem til å jobbe for at dette blir nasjonal politikk, slik at småbarnsforeldre har ein rett til barnehageplass uavhengig av kva kommune ein vel å busette seg i.

– I mitt hovud får eg ikkje dette til å stemme. Vi ønskjer større statlege rammetilskot som blir regulert etter kor mange innbyggarar vi har, men vi legg ikkje til rette for fleire innbyggarar, altså fleire pengar. Dessutan så kostar det for ein kommune å ha folk ute frå arbeidslivet, utan skattbar inntekt, poengterer Vågene.

Nødseth heilt klar

Men Høgre har ikkje fleirtal i Kinn kommune åleine. Høgre hadde tidlegare to budsjettkameratar i Venstre og Arbeidarpartiet. Og Venstre sin gruppeleiar Jacob Nødseth, er klokkeklar.

– I kampen om unge tilflyttarar må vi kunne levere det same tilbodet som Sunnfjord kommune. Det betyr at vi må vere meir fleksible og legge til rette for dei som bur her. I Kinn kommune må vi utvikle den beste praksisen. Og det betyr at dei som bur i Kinn skal oppleve at kommunen er ein serviceleverandør av tenester. Vi kan ikkje ha det slik at unge tilflyttarar opplever kommunen sin som firkanta.

Arbeidarpartiet vil vere med

Gruppeleiar Silje Ødegård Standal i Arbeidarpartiet seier dette har vore ei viktig sak i deira parti.

– Vi er opptekne av barnehagar, og vi både trur og håpar at vi finn ei løysing som er god nok. Om det betyr to barnehageopptak i året, eller om det blir ei rullerande opptaksordning, vil vise seg, seier ho.

Ho høyrde Kai Finsås Hansen sin flammande appell 1. mai og har full forståing for den frustrasjonen dei som deltok i barnehageopprøret kjenner på.

No skal dei komme småbarnsfamiliane i møte.

– Det er bra både for familiane og for arbeidslivet at foreldre kjem i jobb igjen. Difor er det viktig for oss å finne løysingar. Vi veit også at det er kvinnene som tek lengre permisjonar. Då kan dette slå dårlegare ut for dei spesielt, og det er vi ikkje tente med, seier Ødegård Standal.

Ho forstår dei som opplever stor ulempe med å ha barn fødde i desember.

– Eg har vore lenge heime med mine born, og eg har også desemberborn. Eg hadde nok gjort det igjen, men det er mange som ikkje har dei moglegheitene eg hadde, så vi skal vere fleksible og finne løysingar til beste for småbarnsforeldra våre, seier Ødegård Standal.

– Overlykkeleg

Kai Finsås Hansen er ein av frontpersonane i barnehageopprøret i Florø. Han og Karolina Würtz jobbar begge i Førde, men bur i Florø og har to born. Den yngste er fødd i desember.

– Vi har allereie takka ja til barnehageplass i Førde, men det er ingenting vi heller vil enn å få barnehageplass i Florø. Det er fordi Florø er den beste byen å bu i. Så om politikarane meiner dette, så er eg overlykkeleg, seier Finsås Hansen.