Politikar med identitetekrise slo ned look-a-like på Cruise i Karibia

Av
DEL

#18erikkenok, og Tempopodden har lytta til folket.

Det er ingen gjester i studio, men forhåpentlegvis vil mannen som ikkje kvir seg for å ta Jakob Nødseth i sin munn, og ein Ron Jeremy look-a-like vere nok til å tilfredsstille lyttarane.

I dagens episode får ein høyre om Kristians årlege identitetskrise, Benjamins tiradar mot lokalpolitikarane, Hjorthen sitt krampaktige forsøk på å gjenerobre podcast-trona, og desperate forsøk på å få gitt vekk Tempopodden-krus.

I tillegg til dette, blir det snakk om mindre heldige draktkjøp, Fantasy-ligaen, Florø Fotball, billettprisar, outtakes frå førre episode, og rødbeter som tilbehøyr til kjøttkaker.

Du finn Tempopodden på Spotify, og stort sett der du finn podkastar til vanleg. Der finn du også gamle episodar.

Eller du kan høyre den akkurat her:

Artikkeltags