Gå til sidens hovedinnhold

Politihelga: Vanskeleg med vikeplikt, og tjuveri av telefon i Florø

I Vik barka 10–15 ungdommar i hop på ein skuleplass. I Førde var det slagsmål på Scandic Hotell, og i Askvoll kasta ei kvinne i 50-åra stein på festdeltakarar.

Men i Florø har det i det store og det heile vore ei roleg helg for politiet.

– Det er ikkje så mykje å melde. Det var lite hendingar både fredag og laurdag, fortel stasjonssjefen for politiet i Florø, Wenke Hope.

– Det var eit tilfelle av brot på vikeplikta i Victoria-krysset. Det blei eit forenkla førelegg, og ingen politimelding. I tillegg var det eit tjuveri av ein mobiltelefon. Det var det heile, held stasjonssjefen fram.

Det blir oppretta sak på den stolne mobiltelefonen.

Når det gjeld redningsaksjonen, der politiet ønska å kome i kontakt med ei kvinne som var observert på Gaddevågbrua søndag kveld, kan Hope melde at kvinna har vore i kontakt med politiet.

Kommentarer til denne saken