Vegvesenet: – Berre eit tidsspørsmål før det rasar inn telefonar frå Sunnfjord

GLATT: Bilde tatt på fylkesveg 609 søndag føremiddag. Det var mykje snø i vegen og svært glatt.

GLATT: Bilde tatt på fylkesveg 609 søndag føremiddag. Det var mykje snø i vegen og svært glatt. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Vegtrafikksentralen og politiet åtvarar om svært glatte vegar. – Ta deg tid, plutseleg er det klinkis, seier trafikkoperatør Ketil Molvær.

DEL

Molvær seier telefonen har ringt i eitt frå Bergen, der vegane visstnok er spegelglatte enkelte stader.

– Eg trur det vil flytte seg nordover. Problemet er at dei ikkje saltar før siste regnbya har gitt seg, for å få effekt, seier Molvær i Statens vegvesen til Firda.

Han ber bilistar vere obs i Florø, nær kysten, på fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll og fylkesveg 57 til Dale.

– Vi har ikkje fått meldingar derifrå, men det er berre eit tidsspørsmål. Det skjer veldig fort. Dei som skal ut og køyre no bør rekne seg god tid. Plutseleg er det klinkis, seier han.

Operasjonssentralen til Vest politidistrikt går også ut med åtvaring på Twitter: 

Artikkeltags