Fire menn i slagsmål i Strandgata i natt

Av
DEL

Om lag klokka 02.30 måtte ein politipatrulje bryte opp eit slagsmål i Strandgata i Florø.

– Det var fire personar involverte, tre menn i 20-åra og ein mann i 40-åra. Ingen vart skada og alle fire vart då vist bort frå staden, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord.

Politiet vil opprette sak som følge av denne hendinga.

Artikkeltags