Slo ned mann som krangla med kvinne

Politihelga i Florø inneheldt både narko-arrestar og valdsepisodar.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Natt til søndag fekk politiet melding om slåsting i Hans Blomgata i Florø.

To valdsepisodar

Ein mann i 20-åra var i konflikt med ei kvinne, då ein tredjeperson blanda seg inn. Dette var ein mann i 30-åra, og han slo ned den andre mannen, melder politiet i Sogn og Fjordane på Twitter.

Samme natta vart ein rusa mann i 30-åra henta av politiet etter å ha laga brpk på ein utestad i Florø sentrum.

To tatt med narkotika

Laurdag kveld i 20-tida vart ein mann arrestert i Florø sentrum. Han vart pågripen for besittelse av narkotika, og vart teken inn til avhøyr. Han vart seinare dimittert, men det er oppretta sak på hendinga.

Også fredag kveld vart ein mann pågripen med narkotika i Florø. Dette var ein rusa mann i 30-åra, som hadde mindre mengder narkotika på seg, melder politiet på Twitter.

Artikkeltags