Feststemte folk måtte dempe seg

Artikkelen er over 3 år gammel

Og ein vart ferska då han urinerte i sentrum.

DEL

Natt til laurdag vart ein person ferska då han urinerte i Florø sentrum. Personen vart anmeldt for urinering på offentleg stad. Dette skjedde rundt klokka tre på natta. Elles var det ein roleg fredags kveld og natt til laurdag i kystbyen.

Laurda kveld rykte politiet ut etter å ha fått melding om høg musikk og feststøy frå ein privat bustad i Florø sentrum.

Deltakarane fekk beskjed om å dempe seg, melder Politiet i Sogn og Fjordane på Twitter. Dette skjedde klokka 23.35.

Elles var det stilt og roleg i Florø natt til søndag.

Artikkeltags