Politiet melder på Twitter at dei i tre-tida natt til søndag kom over ein mann som førte motorbåt i rusa tilstand i Florø. Mannen vart teken med til politistasjonen for utandingsprøve, og vil bli anmeld.
Mellom midnatt og klokka eitt hadde politiet promillekontroll i Firdavegen. Der vart 24 bilførarar kontrollerte og alle var rusfrie.