Gjekk seg skårfast under sauesanking - henta med helikopter

Artikkelen er over 2 år gammel

Mann gjekk seg skårfast under sauesanking ved Høydalsnipa.

DEL

I 18-tida onsdag kveld kom meldinga om at ein mann måtte ha assistanse ved Høydalsnipa i Flora kommune.

- Redningsaksjon - ein mann har gått seg skårfast i samanheng med sauesanking ved Høydalsnipa, meldte politiet sin operasjonssentral i Sogn og Fjordane på Twitter.

Om lag ein halvtimes tid seinare kom meldinga om at mannen var henta ut.

- Redningshelikopteret har henta sauesankaren og sett han av på trygg stad. Vedkomande var uskadd, skriv politiet.

Artikkeltags