Bil av vegen

Artikkelen er over 2 år gammel

To menn i 20-åra involvert i ulykka.

DEL

Politiet melder klokka 09.42 at det er komme ein bil av vegen på Fv 614.  Ulykka skjedde på nordsida av Nordalsfjordbrua. Bilen kom køyrande frå Svelgen mot Florø og fekk skrens like før brua.

Politipatruljen var på plass klokka 10.15 og melder om at det er svært glatt på ulykkesstaden.

– Det var to menn i bilen, begge i 20-åra. Dei kom seg ut av bilen på eiga hand, og framstår som uskadde, opplyser operasjonsleiar Marianne Føleide.

Ambulansen er på veg for å føreta sjekk og vurdere om dei skal sendast vidare til sjekk ved sentralsjukehuset i Førde.

Tidlegare denne veka køyrde ein bil i fjellveggen i same område etter å ha kollidert med ein hjort.

Artikkeltags