Politiet trur brannen er påsett

Politiet gjorde aksjon mot ein mann i 40-åra under brannen. Han vart tatt inn til avhøyr i natt.

DEL

Operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt fortel ein person i 40-åra er kalla inn til avhøyr.

– Det er mistanke om at brannen er påsett, ein person er tatt inn til avhøyr i den samanhengen, seier operasjonsleiar.

– Er mannen arrestert?

– Det er ingen i varetekt i samband med brannen. Mannen er teken inn til avhøyr. No vil det vise seg om han har alibi eller berre er vitne i saka, dette vil etterforskinga framover avdekke, seier han

– Kva gjer til at de mistenker at brannen er påsett?

Det er spor på staden og spor på utsida som gjer til at det er grunn til å mistenke at brannen er påsett. Det er ingen naturleg arnestad, seier han.

I natt kom det også melding om to bilar med knust rute, med ein stein inni kvar bil. Denne episoden mistenker politiet kan ha samanheng med brannen.


Artikkeltags