Utrykkingspolitiet hadde i tidsrommet 09.20 til 13.45 ein fartskontroll på riksveg fem ved Hovland i Eikefjord. Det var fleire sjåførar som var for tunge på labben i dette tidsrommet.

Politiet skreiv ut elleve forenkla førelegg til sjåførar som hadde for høg fart. Høgste fart var 108 km/t i 80-sona.

I tillegg vart det skrevet ut eit forenkla førelegg for bruk av mobil, fortel politioverbetjent Inge Værøy i ein e-post til Firdaposten.