Gå til sidens hovedinnhold

Politiet rakk ei runde Uno før det blei skrik og skrål

Skråling frå badestamp og kortspel på ungdomsklubben var oppdrag politiet var ute på fredag kveld.

FIRDA: Like før klokka to i natt ringde ein nabo inn og klaga på høglydt snakk, skrik og skrål utanfor huset sitt i Florø.

– Patruljen reiste til staden og fann tre karar som sat ute i ein badestamp. Lyden ber godt på natta når det er så stille, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Elles var det ei roleg politinatt der patruljen i Florø til og med rakk ein tur innom ungdomshuset Haffen. Der var det samla 30 ungdommar like før klokka 22.00 fredag kveld.

– Der spelte patruljen ei runde Uno saman med ungdommane, seier Hellesund.

Kommentarer til denne saken