Det skjer etter søknad frå Vest politidistrikt. Årsaka er at politiet meiner væpning er nødvendig for å sikre flyplassen ved eit eventuelt terrorangrep.

– Politidirektoratet har vurdert søknaden, og etter grundig vurdering stør vi Vest politidistrikt i at væpning ved Flesland er eit nødvendig tiltak, seier beredskapsdirektør Tone Vangen i Politidirektoratet i ei pressemelding.

- Etter utbygginga av Flesland blei avstand til innlåste våpen uforholdsmessig lang. Ved å innføre væpning på flyplassområdet sparer vi verdifulle minutt ved ei eventuell hending. Eg er nøgd med at mi anmodning fekk gjennomslag. Dette gjer vi for å ivareta tryggleiken til reisande og tilsette ved flyplassen på ein enno betre måte, seier politimester i Vest politidistrikt Kaare Songstad.

Flesland utpeikar seg ikkje som eit sannsynleg terrormål, men skadepotensialet ved eit angrep mot flyplassen kan vere stort. Væpning gjer at politiet kan respondere raskare dersom eit angrep skulle inntreffe på flyplassen.

- Væpning er difor nødvendig for å ivareta politiet sin innsatsevne og sette politiet i stand til å kunne avverge eller stanse eventuelle angrep og begrense skadeomfanget av eit pågåande angrep, kommenterer Vangen.