Politiet melder på Twitter at dei har vore på Sørstrand i samband med at det er ein god del rusa ungdom på staden.

Det gjer at politiet sender ein generell oppmoding til foreldre og føresette i Florø i kveld.

– Er du foreldre og ungen din er ute i kveld i Florø? Sørg gjerne for at du har kontroll på kvar han/ho er og at ungdommen kjem seg trygt heim.

Steinar Hausvik frå operasjonssentralen for Vest politidistrikt uttrykker bekymring for situasjonen på Sørstrand.

– Fleire av dei unge veit vi er under 18 år, og kan vere rusa, eller overstadig rusa, slik at dei ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølve, seier han.

Elles er det ikkje sikkert korleis politiet vil gripe inn.. Hausvik seier at patruljen må sjå an korleis situasjonen utviklar seg utover kvelden.

Firdaposten tok turen ned på Sørstrand rundt klokken 23, og kan stadfeste at det er ein del ungdom på staden.

Politiet var ikkje til stades medan vi var der, men vi opplevde heller ikkje situasjonen som spesielt dramatisk.

Det var ikkje var vakter i Servicebygget medan vi var på staden, men Firdaposten har i ettertid fått opplyst frå Sørstrand folkepark at det var vaksne til stades, men at dei sannsynlegvis var opptatt med å bistå politiet på det tidspunktet då vi var på staden.