Gå til sidens hovedinnhold

Politiet og byggmeister: - Steng av ventilasjon og hald dykk unna

Det er fare for at brannen i Strandgata kan spreie seg. Og i taket skal det vere asbest.

Medan brannvesenet jobbar med å kontrollere brannen i Strandgata 13 måndag kveld, åtvarar no både politiet og ein lokal byggmeister publikum mot å nærme seg åstaden.

- Dei som bur nær åstaden må halde dører og vindauge lukka, oppmodar politiet.

Det rådet får støtte av byggmeister Knut Einar Grønsberg som har kontakta Firdaposten etter å ha blitt informert om kva bygg som står i brann.

- Det er asbest i dette taket. Mitt klare råd er at folk som oppheld seg i bygningar i nærleiken, stengjer ned alt av ventilasjon, varmepumper og liknande, seier han til Firdaposten.

Kommentarer til denne saken