Firda Politinatta starta klokka 23.56 med ei melding om slagsmål og amper stemning i Sogndal, mellom fleire personar. Politiet var i kontakt med éin fornærma og éin mistenkt. Begge var menn i 20-åra. Det vart oppretta sak.

Nærmare klokka halv eitt kom det ei klage på musikkstøy i Florø.

– Patruljen reiste på staden. Festen vart avslutta då dei kom, så då var eigentleg alle nøgde, seier politiet sin innsatsleiar i Sunnfjord, Sturla Iman.

I 01.30-tida vart politiet kalla inn til ein situasjon på Sunnfjord Hotell der nokon hevda seg angripen.

– Det er litt uklart kva som har skjedd. Men det skulle ha vore nokre tumultar mellom nokon. Desse fekk beskjed om å komme innom politistasjonen og melde forholdet i ettertid.

Men ikkje alle var ute og lagde bråk natt til søndag:

– Vi hadde ein patrulje innom eksrussefest i Høyanger. Det var god stemning blant alle saman. Det var ingenting å sette fingeren på, seier Iman.