To politipatruljar er fredag sendt til ei gateadresse i Florø, etter at dei fekk meldingar om ein overstadig rusa mann som hadde angripe ei kvinne og ei jente på sykkel.
Operasjonsleiar Tatjana Knappen ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt fortel at mannen gjekk rundt på staden utan sko, og at han var svært rusa og oppførte seg ugreitt mot fleire.
– Han hadde blant anna teke tak i ei kvinne som skal ha snakka til han, og rista henne. Han tok også tak i ei ung jente på ein sykkel, slik at ho fall av, seier Knappen.
Operasjonsleiaren fortel at dei vart varsla om hendinga klokka 18.28. To politipatruljar vart sendt frå Førde med fullt blålys og sirener.
Det var kvinna som først vart teke tak i av mannen som varsla politiet.
Politiet skal no vere på plass. Det er også ein ambulanse på staden.
– Mannen vil vidare bli teken hand om av helsevesenet, seier operasjonsleiar Knappen til Firda.