Politiet kneip to bilistar med promille på under eit døgn

Nordfjord: To færre promillekøyrarar på vegane etter helgas politiarbeid.

DEL

I morgontimane måndag, like før klokka seks, stogga politiet i Stryn ein varebil. Dei mistenkte at føraren, ei kvinne køyrde i påverka tilstand og tok vedkomande med til Nordfjord legevakt for blodprøve. Ifølgje Firda var det ein bussjåfør som reagerte på køyringa til kvinna, og som deretter kontakta politiet. Dei la seg på hjul og fekk stogga varebilen.

15 timar tidlegare, ved Heggjabygda i Nordfjord måtte naudetatane rykke ut til ein bil som hadde velta og som låg delvis ut i vegbana og hindra trafikken. Ingen personskade blei meldt, men politiet mistenkjer føraren for ikkje å ha vore edru bak rattet.

Artikkeltags