Politiet i Florø opnar dørene igjen på onsdag

POLITIET: Måndag 20. april opnar Vest politidistrikt nokre utvalde publikumstenester. Utover veka vil fleire kontor opne.

DEL

Politiet sine publikumstenester har vore stengt for fysisk oppmøte sidan 13. mars grunna koronasituasjonen. Men no opnar dei dørene igjen.

Frå og med 20. april vil Vest politidistrikt opna nokre publikumsmottak for fysisk oppmøte., skriv dei på politiet.no.

Det er meldingar om alvorlege straffesaker, pass-timar og handsaming av utlendingssaker som førebels er prioritert.

Det er lagt opp til ein gradvis opning og det gjerast fortløpande vurderingar om dei skal opne fleire stader. Opningstider for kvart enkelt kontor blir oppdatert på nettsidene deira.

Politistasjonen i Florø opnar onsdag 22. april

Av omsyn til smittevern er det strenge restriksjonar i ekspedisjonen. Alle må halde to meters avstand, og det vil vere avgrensa kor mange som kan vere i ekspedisjonen til ein kvar tid.

Er du sjuk skal du ikkje møte opp, men ta kontakt på telefonen. Politiet oppmodar også folk om først å undersøke om dei kan ta kontakt på anna vis enn gjennom personleg oppmøte. Ofte vil du kunne levere ein politimelding på nettsidene til politiet.

Det er ikkje høve for drop-in om du treng pass eller skal kontakte UDI for utlendingssaker. Då må du tinge deg ein timeavtale.

Artikkeltags