Gå til sidens hovedinnhold

Politiet har starta avhøyr av drapssikta

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Dei første par vekene etter knivdrapet var det ikkje mogleg å avhøyre den sikta 27-åringen. Men no er politiet i gang.

Politiet har starta avhøyr av mannen som er sikta etter knivdrapet i Florø i november.

Det skriv NRK torsdag kveld.

For andre gong i 2019 gjekk drapsalarmen i Florø 15. november, etter at væpna politi hadde rykt ut til ein privatbustad i Florø og funne ei livstrugande skadd kvinne i huset.

Ei 51 år gamal kvinne mista livet, og ein 27 år gamal mann er sikta for drapet.

Politiadvokat Eli Valheim seier at politiet har ei meining om hendingsgangen, men dei vil førebels ikkje seie noko om det, eller kva den sikta har forklart.

Les også

Den drapssikta (27) er framleis innlagt – politiet gjer mange avhøyr

Les også

Den drapssikta (27) sin psyke vart undersøkt før drapet

Les også

Natta før drapet skremte den no drapssikta mannen folk i nabolaget – politiet ville ikkje komme

Kommentarer til denne saken