Gunnar Fløystad leier Vest politidistrikts fellesoperative tenester. Han seier kapasitetsproblemet har ramma heile Politi-Noreg, ifølgje Bergens Tidende. Alvorlege saker med personar som er mistenkte for nettovergrep, blir ikkje gjort noko med.
– Talet, 30 aksjonar sett på vent, er høgt, seier Fløystad om situasjonen i Vest.
Kripos får store mengder varsel frå NCMEC (National Center for Missing and Exploited Children), og desse har sidan april 2021 vorte sende over politidistrikta. Varsla går ofte på nettovergrep mot barn. Berre dei mest alvorlege – eitt av ti NCMEC-varsel – utløyser politietterforsking i Vest politidistrikt, opplyser seksjonsleiar Janne Heltne på påtaleseksjonen for vald og overgrep.
Dei 30 som er mistenkte for nettovergrep mot barn, er i Bergen, Askøy og Øygarden.
Førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen seier til BT at politiet må organisere seg slik at dei får komme gjennom NCMEC-sakene.
– Å finne fram til og få straffa overgriparen er forferdeleg viktig. I verste fall, viss slike saker blir liggjande, kan det føre til at pågåande overgrep ikkje blir stoppa, seier han.
Heltne omtaler situasjonen som uheldig og seier at planen er å aksjonere i alle sakene på sikt.
(©NPK)