FIRDA: I tre og ei halv veke har Vest politidistrikt drive lokale registreringssenter, der ukrainske flyktningar er blitt registrert.

Så stor har pågangen vore, at politiet i starten bad flyktningar som kunne vente, utsette oppmøtet på registreringssenter.

Måtte snu seg raskt

– Vi var ikkje budd på eit slikt oppdrag og måtte snu oss om raskt. Heldigvis er uventa hendingar noko vi i politiet er gode på. På rekordtid har vi fått på plass og bemanna registreringssenteret på Kokstad og i Førde og vi har no god kontroll, seier politimeister Kaare Songstad i ei pressemelding frå politiet.

No er politiet i ferd med å kome à jour, og ber dei som har venta med å møte opp på registreringssenter om å ta kontakt for å avtale registreringstidspunkt.

– Den første veka hadde vi nærare 500 som venta på registrering og fleire har komne til etter det. Vi har bygd opp kapasiteten og reknar med å vera à jour før påske. Så no ber vi alle ukrainske flyktningar i politidistriktet som ikkje har vore i kontakt med oss om å ta kontakt, seier politimeisteren.

Mange folk i sving

Heile 80 polititilsette frå Vest politidistrikt har blitt omdisponert til arbeidet med flyktningregistrering.

– Samstundes har det vore viktig for oss at oppdraget ikkje skulle gå ut over beredskapen i politidistriktet og det er mange som har stått på ekstra den siste tida for å få hjula til å gå rundt. Innbyggjarane kan vere trygge på at vi har god beredskap også gjennom påska, seier Songstad.

Men innsatsen og flyttinga av folk går ut over andre oppgåver.

– Dette vil merkast på andre måtar og er sjølvsagt uheldig for dei som blir råka. Vi har fått ekstra midlar og jobbar no med å tilsetje fleire for å hjelpa oss gjennom situasjonen. Det vil ta noko tid før dei mellombelse ressursane er på plass, men vi trur alle har forståing for at dette arbeidet er viktig å prioritere, seier politimeisteren.

Førebels ingen rapportert kriminalitet mot flyktningar

Tidlegare denne veka vart ein mann i Tromsø sikta for valdtekt av ei 17 år gamal jente frå Ukraina.

I pressemeldinga skriv Vest politidistrikt at dei førebels ikkje har registrert hendingar der ukrainske flyktningar er utsett for integritetskrenkande kriminalitet.

Vest politidistrikt fortel at dei jamvel har stort fokus på dette, og at politiet følger med på, og jobbar førebyggjande, for å motverke at dei mellom anna blir utnytta som ulovleg arbeidskraft.