– Politiet har hatt 87 korona-relaterte oppdrag. Vi håpar på få slike i påska.

HÅPAR PÅ FÆRRE KORONAOPPDRAG: Arne Johannessen meiner folk no må forstå situasjonen og respektere nasjonale retningsliner.

HÅPAR PÅ FÆRRE KORONAOPPDRAG: Arne Johannessen meiner folk no må forstå situasjonen og respektere nasjonale retningsliner. Foto:

– Dersom alle set fellesskapet føre seg sjølv, så vil vi raskare få ein normal situasjon.

DEL

Det skriv politiinspektør og leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen i eit innlegg på Facebook.

– Politiet har på vegne av samfunnet jobben med å følge opp lover og pålegg som vert gjeve av Stortinget. No har Statsministeren bedt om at alle i Noreg deltek i ein felles dugnad, der vi set fellesskapet før eigne interesser, og det er laga ein del mellombels lover som grip sterkt inn i folk sin kvardag. Dette for at vi skal hindra smittespreiing og redusere konsekvensane av den internasjonale Korona-krisa, skriv Johannessen.

Politiet i Sogn og Fjordane har så langt hatt 87 korona-relaterte oppdrag.

– Det burde eigentleg vore null. Dersom alle tek sitt samfunnsansvar vil det verte mindre oppdrag for politiet og «nabokjerringa» slepp å uroe seg meir enn naudsynt. Denne situasjonen er også heilt spesiell for politiet, for vi har fått andre oppgåver enn det som pregar kvardagen vår normalt, skriv han i eit innlegg som vart publisert på politiet i Sunnfjord si facebookside fredag morgon.

No står påska for tur, og den vert annleis enn mange ønskjer.

– Mange born og personar med valdeleg partnar har no ein krevjande periode. Jo lenger tid det går utan skule, barnehage og sosial kontroll, jo meir aukar faren for overgrep og vald, påpeikar politiinspektøren.

– Mange born og unge elskar leik på fotballbana og andre hyggelege aktiviterar med kameratar/venninner. No er det lagt avgrensingar også på dette. Men det er viktig å presisera at det er lov å leika, trena gå tur og kosa seg på andre måtar, men ein må fylgja dei nasjonale smitteråda ved alle aktivitetar. Ingen er så glad i hyttelivet som nordmenn, og for mange betyr ei påske utan hytteliv, ei betydeleg dårlegare påske, skriv han.

– Difor er det også viktigare enn nokon gong å ha eit førebyggjande fokus der politiet nyttar dialog og rettleiing så langt det går. Vi ønskjer ikkje å legge ei ekstra bør til ein vanskeleg situasjon. Så mi oppmoding er at kvar og ein føl opp Storting og Regjering sine lover og pålegg, så får vi raskare tilbake den fridomen vi alle set så høgt. God påske, med eit håp om få korona-oppdrag for politiet i Sogn og Fjordane, avsluttar Johannessen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken