Gå til sidens hovedinnhold

Politiet har gjort funn i området kor Christer forsvann i 2016

Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet har gjort funn av leivningar i området ved Haukåsen i Sogndal kor Christer Fretheim Flem forsvann 9. mai 2016. Politiet har ikkje registrert andre sakna personar i område og koplar difor funna til Christer si forsvinning.

Christer (37) forsvann sporlaust i 2016, under ein tur med to pleiarar. Han hadde Angelmans syndrom, og det siste pleiarane såg til han var at han stansa ved ein snøhaug.

Melås Helse, som pleiarane var tilsett i, fekk 600.000 kroner i bot i etterkant av forsvinninga. Bota fekk dei for brot på helsepersonellova. Ifølge BT hadde det i lengre tid utvikla seg ein praksis i Melås Helse, der tilsette var borte frå Flem og ikkje hadde han i syne på fleire minutt. Dette skjedde utan at dei med leiaransvar reagerte på, eller hadde kunnskap om, det som skjedde. Melås Helse gjorde heller ikkje tilstrekkelege vurderingar av risiko, eller om praksisen var fagleg forsvarleg, ut frå Flems kognitive og fysiske funksjonsnivå. Det skriv Sogn Avis.

Forsvinningssaka har mellom anna vore oppe i Åsted Norge, der ein har bede publikum om hjelp til å løyse forsvinningsgåta. Også Cold Case-gruppa til Kripos har sett på saka, men la den vekk i 2019.

No er han altså truleg funnen, i terrenget i området der han gjekk tur.

Fleire hypotesar

Politiet jobbar no utifrå fleire hypotesar, men har per no ikkje haldepunkt for at det har skjedd noko straffbart, skriv dei i ei pressemelding.

Funna er gjort i eit uframkommeleg terreng kor folk normalt ikkje ferdast. Det er bratt lende og vanskeleg tilgjengeleg med tett vegetasjon og kuppert landskap. Funnstaden ligg utanfor området som det vart søkt grundig gjennom i samband med forsvinninga for fire år sidan.

Funnen tilfeldig

Det var tysdag førre veke at politiet fekk melding frå ein person som hadde tatt seg inn i området i høve eit arbeidsoppdrag. Med bakgrunn i meldinga gjorde politiet søk med hund onsdag førre veke. Søket gav ikkje noko resultat. Onsdag denne veka gjorde politiet nye søk i samarbeid med Røde kors. Det var i den samanheng at det vart gjort funn av leivningar.

Funna er sendt inn for kriminaltekniske undersøkingar, og Christer sine pårørande er varsla om funna.


Kommentarer til denne saken