Gå til sidens hovedinnhold

Politiet har blitt styrka i Sogn og Fjordane

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Senterpartiet held fram med svartmalinga av polititenestene i Sogn og Fjordane. Påstanden er at politireforma har svekka beredskapen, at den er øydeleggjande for tilliten til politiet og for opplevinga av folk sin tryggleik. At politisjef Arne Johannsen omtaler fjoråret som «best ever» gjer ikkje inntrykk. Tvert om hevdar Jenny Klinge (SP) til NRK at Johannesen har misforstått heile politireforma!

Bakgrunnen for politireforma er rapporten til 22. juli-kommisjonen, som påviste behov for grunnleggjande endringar i politiet. Den raudgrøne regjeringa sette derfor i november 2012 ned eit utval for å analysere utfordringane i norsk politi, og utvalet tilrådde i juni 2013 to reformer i norsk politi; ei strukturreform og ei kvalitetsreform.

Strukturreforma skulle ha som mål å styrke politiet sin innsats mot kjerneoppgåvene, at politiet blei organisert i færre politidistrikt og at den lokale strukturen blei styrkt gjennom auka politibemanning og færre små tenestestadar. Kvalitetsreforma skulle ha som mål å utvikle eit kunnskapsbasert og effektivt politi med evne til kontinuerlig forbetring og utvikling. Kvalitetsreforma omfatta forbetringar i styring og leiarprosessar samt forbetringar knytt til kvalitet og prestasjonar.

Fleirtalet i Stortinget valde å følgje opp råda, men med nokre tilpassingar. Resultatet er av vi nå har nådd målet om to politifolk per 1000 innbyggjar, ein målsetnad den raudgrøne regjeringa òg hadde men aldri fekk til. Politiet har vidare fått tilført nær 3200 nye årsverk, nytt og moderne utstyr og auka kompetanse. I 2020 nådde politiet for første gong responstidskravet i alle tettstadkategoriane.

Politiet sjølv melder at ting går i rett retning, sjølv om innføringa av reforma har vore krevjande. I Sogn og Fjordane har vår eigen politisjef Arne Johannesen fått nok av svartmålinga av politireforma og politiet, og har i eit innlegg nyleg gjort grundig greie for dagens situasjon. Her skildrar han fjoråret som den beste nokon gang. Arne Johannesen viser vidare konkret til 12 viktige saker som har funne stad, mellom anna 9 nye politistillingar, 19 politibilar, 6 moderne politihus, utviding av den aktive polititenesta, felles nettpatrulje og ein ny og større operasjonssentral. Johannesen viser òg til betre systematikk på førebyggjande arbeid basert på kunnskap og etterretning, nedgang på restansar, og betring av resultata innanfor prioriterte område som valdtekt, vald i nære relasjonar, ungdomssaker og grov vald.

Det same bildet ser ein òg på Vestlandet. I 2013 hadde Vest politidistrikt 755 politiårsverk og totalt 1166 årsverk, om ein tek med juristar og sivile. I oktober 2020 var desse tala auka til 890 politiårsverk og 1355 tilsette totalt.

Vi har i dag nasjonale, regionale og lokale politistyrkar som er blitt gjort i stand til å handtere krevjande operasjonar. Vi har fått eit politi med meir kompetanse og betre metodar til å avdekke, etterforske og påtale ein kriminalitet som har blitt tøffare, meir global og organisert. Den tradisjonelle kriminaliteten er sterkt redusert, medan den nye kriminaliteten er meir kreativ og kan lure seg inn i heimane våre gjennom datamaskina eller telefonen. Vi registrerer at svindel og bedrag på nettet og identitetstjuveri er dei kriminalitetsformene folk flest er mest bekymra for. I tillegg blir det avdekt eit stort omfang av overgrepssaker mot barn og unge på nettet.

Nærpoliti er meir enn det gamle lensmannskontoret. I dag treff du politiet både på kontoret, via nødnummeret 112, det ordinære telefonnummeret 02800, på politiet.no og hos nettpatruljane på nett og i sosiale media. I Vest politidistrikt finn du politiet på Facebook, Instagram, TikTok, Snapchat og Twitter. Politiet kan både gi ut- og få inn informasjon via Nettpatruljen. Om lag halvparten av dei som tok kontakt med politiet av praktiske grunnar som pass, våpenløyve eller politiattest utførte dette via nettet i 2020.

Ferske tal frå politiet si ei eiga innbyggjarundersøking viser oss òg at tilliten til politiet aukar. For 2020 svarte 81 prosent i Vest politidistrikt at dei har tillit til politiet. Berre 4 prosent seier at dei har liten tillit og berre 2 prosent har svært liten tillit til politiet. Dette er det høgste talet sidan målingane starta i 2008, og dn delen som har svært stor tillit til politiet har aldri vore høgre. Når det gjeld innbyggarane i Vest politidistrikt svarer heile 94 prosent av innbyggjarane i Vest i at dei kjenner seg trygge der dei bur og ferdast. Faktisk er folk i Vestland blant dei som kjenner seg aller mest trygge i heile landet. Både tilliten til politiet og tryggleiken i befolkninga har auka sidan reforma blei innført. Vi er glade for at folk gir politiet denne tilbakemeldinga. Det viser at vi stolar på den jobben dei gjer og at dei er viktige for tryggleiken vår. Det er ein svært viktig verdi som vi skal ta godt vare på.

Politireforma har aldri vore ei sparereform. Dei økonomiske satsingane har gitt politiet over 4 milliardar fleire kroner til drift, og investeringane har vore på 5 milliardar kroner. I budsjettet for 2021 har regjeringspartia saman med FrP på nytt styrkt politiet med 400 nye årsverk som vil bli tilsett ute i distrikta når den forsterka grensekontrollen under pandemien blir avslutta. Det er ingen som seier at alle målsetnader i reforma er oppnådd, og at vi er i mål. Reformarbeid er krevjande og alt er ikkje perfekt. Derfor følgjer vi med på utviklinga, evaluerer arbeidet jamleg og justerer tiltak og prioriteringar i tråd med tilrådingar. Senterpartiet burde vere opptatt av dette, framfor denne evinnelege einsidige og negative skildringa av politireforma og polititenestene våre.

Samfunnet er ikkje slik det ein gang var, og det er heller ikkje kriminaliteten. Vi treng eit politi som
er i stand til å handtere dei faktiske utfordringane som finst der ute, og dei vi ser vil kome. Då treng
vi eit moderne politi tilpassa den nye tida, ikkje ei tilbakegang til gamle strukturar.

Kommentarer til denne saken