Ein prognose etter dei tre første månadene i år viser at politidistrikta sjølv anslår å få eit meirforbruk på 470 millionar kroner i år, skriv Politiforum.
Fryktar konsekvensane
Berre i Oslo er det snakk om 218 stillingar. Det kan bety at politidistrikta til saman endar med å måtte kutte heile 552 stillingar for å gå i balanse. I GDE (geografisk driftseining) Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt blir det truleg snakk om å halde 10-12 stillingar opne ut året for å klare å oppfylle budsjettet.
Det utgjer 10 prosent av stillingane.
– Det er ganske betydeleg viss det blir ein realitet. Per i dag er ingen stillingar ledige, for ingen har slutta, men frå mai av veit vi at det blir halde to stillingar ledige på ubestemt tid. Og så er det folk som er ute i permisjon svangerskapspermisjon. Deira stillingar blir haldne ledige, og vi får ingen midlertidig tilsette inn for de, seier tillitsvald Kristine Skilbrei i GDE Sogn og Fjordane.
Om det blir 10 prosent færre tilsette, fryktar Skilbrei for om dei i heile teke klarar å oppretthalde den minimumsbemanninga det er bestemt at ein skal ha.
– Det blir en vanskeleg kabal med færre folk. Det er også snakk om at vi må kutte ned på overtidsbruken, men ein konsekvens av at vi blir færre tilsette, er jo at overtida går opp på dei som er igjen. Det er ein post som er vanskeleg å kutte ned på med færre folk. Vi er jo hendingsstyrte, peikar Skilbrei på.
Ho fryktar at dette på sikt vil gå ut over polititenestene.
– Det vil det når folk ringer inn og treng hjelp. Då må det prioriterast kva som er viktigast, fordi det berre er eit visst tal folk på patrulje eller på etterforsking. Og fleire saker kan bli lagde bort på grunn av kapasitet. Det er konsekvenser som kan komme, seier Skilbrei.
– Dramatisk
Roger Bjerke, leiar for styringsavdelinga i Politidirektoratet (POD), seier prognosane er litt usikre tidleg på året.
– Dette er tal etter første kvartal. Men det byrjar å teikne seg ein trend som vi eigentleg har vore klar over, seier han.
Visepolitimeister Arne Johannessen i Vest politidistrikt, som tidlegare var leiar i Politiforbundet, seier budsjettet for i år er det dårlegaste sidan 2005, og han beskriv budsjettet som dramatisk.
– Det er lenge sidan det har vore meir behov for polititenester og satsing på politiet enn akkurat no. Det er nok å sjå på den internasjonale situasjonen med krig i Europa og politiet si eiga trusselvurdering, så ser ein jo behovet, seier Johannessen.
Høg prisvekst
Statssekretær Geir Indrefjord (Sp) i Justisdepartementet viser til at prisveksten har vore høgare enn forventa, noko som utfordrar budsjetta til fleire statlege verksemder.
– Normalt blir ikkje slike forventningsavvik kompensert. Men regjeringa har varsla at vi i samband med revidert nasjonalbudsjett 11. mai vil fremje forslag til Stortinget om pris- og lønnsjustering av statsbudsjettet basert på oppdaterte anslag.
(©NPK)