Eit nytt rusmiddel, etonitazepyn, er oppdaga i Noreg. Stoffet har allereie kravd eitt menneskeliv, og politiet fryktar fleire dødsfall.

Det er politiet på Sunnmøre som åtvarar mot dei små, lyseblå tablettane med verkestoffet etonitazepyn, skriv NRK.

Ifølgje politiet er stoffet så nytt at det førebels ikkje er klassifisert som narkotika.

– Det er veldig farleg. Du skal ta veldig lite av det før det kan vere fare for liv og helse, og det skal lite til før du tek ein overdose, seier politiadvokat Lena Katrin Romestrand.

Ein mann som vart funnen død på Sunnmøre før jul, hadde stoffet i kroppen. Politiet veit ikkje kor mange tablettar mannen fekk i seg før han døydde av overdose.

Romestrand seier dei fryktar fleire overdosar.

– Vi veit ikkje kor lett det er å skaffe, og om dette funnet er det einaste på Sunnmøre. Men det viser seg at det er tilgjengeleg på marknaden, seier politiadvokaten.

(©NPK)