20. april var det ein personbil som køyrde frå politiet. Etterforskarane ved Florø politistasjon ønskjer å komme i kontakt med nokre vitne til den farlege biljakta.
Onsdag 20. april om lag klokka 22.50, møtte politipatruljen ein bil i austre enden av Brandsøyvegen i Brandsøy. Bilen køyrde vestover mot Florø.
Den sivile politibilen la seg bak og mellom Instetunet og Solheimlia kom dei inn i eit vegarbeidsområde. Der er det innsnevra grusveg med refleks-kjegler. Der hadde bilen dei ønskte å stanse, høg fart. Mykje grus og støv vart kvervla opp frå bilen.
Vitna
I Verpevika køyrde den sikta sin bil forbi ein personbil i retning Florø. Det same gjorde den sivile politibilen.
Ein fotgjengar, ei dame, gjekk austover på sørsida av vegen i dette området.
Politiet nytta blålys heile vegen, så det har vore tydeleg at det gjekk føre seg ei biljakt.
– Vi er interessert i å komme i kontakt med bilføraren som vart forbikøyrd av både den sikta sin bil, og deretter den sivile politibilen med blålys. Og vi vil også komme i kontakt med dama som gjekk austover på sjøsida av vegen.
Dette skal ha skjedd i området mellom Plassen og Verpevika, seier tenestadsadsleiar Wenke Hope. Ho ber dei som veit noko om hendinga, og spesielt desse to vitna, ta kontakt på telefonnummer 57758841