Politiet etterlyser to ungdommar som var gode hjelparar og vitne til brannen

KAN HA INFORMASJON: Politiet kartlegg no bevegelsar i området i forkant av nattas brann i Havrenesvegen. Dei ber no to ungdommar som sat ved Mix-kiosken om å ta kontakt.

KAN HA INFORMASJON: Politiet kartlegg no bevegelsar i området i forkant av nattas brann i Havrenesvegen. Dei ber no to ungdommar som sat ved Mix-kiosken om å ta kontakt. Foto:

FLORØ: Politiet i Florø vil ha kontakt med to ungdommar i 17-årsalderen som sat på benken ved Mix-kiosken då brannen oppstod i Vonheim burettslag i Havrenesvegen natt til fredag. Dei to kan sitje med viktig informasjon om brannen.

DEL

Ein gut og ei jente, truleg rundt 17 år gamle, blir no bedne om å kontakte politiet i Florø for å hjelpe dei i det vidare arbeidet med å oppklare den truleg påsette brannen i Havrenesvegen.

– Jenta hadde på seg ein grå hettegensar. Guten ein mørk gensar, muligens blå av farge. Dei sat på benken rundt klokka halv to på natta, og vi ønskjer å kome i kontakt med dei av to grunnar. Dei gjorde ein stor innsats med å delta i varslinga og få folk ut av rekkjehusa, men dei kan også ha gjort observasjonar i forkant av brannen som vi er interesserte i å vite meir om, seier politibetjent Jan Erlend Jansen ved Florø politistasjon.

Sivilkledd politi var i samtale med ungdommane i løpet av natta. Men mykje gjekk føre seg og mange oppgåver skulle løysast, så politiet fekk ikkje teke personalia på ungdommane.

– Vi er særleg interessert i opplysningar om ein forbipasserande syklist i området, og dei to ungdommane kan kontakte oss på telefonnummera 57 75 88 23, eller på 971 78 340. Dei kan og kome ned til oss på politistasjonen og ta kontakt med oss der, seier Jansen til Firdaposten.

Han fortel at fleire av bebuarane i burettslaget har nemnt guten og jenta sin innsats for å varsle, og ønskjer å rette ei takk til dei.

Artikkeltags