Søndag kveld rykket naudetatane ut til ein redningsaksjon ved Gaddevågsbrua i Florø. I den samanheng ønsker politiet å kome i kontakt med ei kvinne som er observert på Gaddevågsbrua.

– Vi ønsker å kome i kontakt med ei kvinne med sykkel og refleksvest som har vore observert på brua i samtale med ein annan person søndag kveld, fortel operasjonsleiaren ved Vest Politidistrikt sin operasjonssentral.

Politiet ønsker at denne kvinna tar kontakt så fort som mogleg. Ho kan ringe politiet på telefonnummer 02800.

Måndag morgon melder politiet at dei har fått kontakt med den etterlyste kvinna.