Krimteknikarar frå politiet er no i gang med undersøkingar på ulykkesstaden, etter bilulykka som kosta tre menneske livet fredag kveld.
Det skriv Fjordenes Tidende laurdag ettermiddag.
Politiadvokat Eli Andrea Skaar i Vest politidistrikt skriv i ei pressemelding at dei framleis ikkje har klart føre seg kva som skjedde då dei to bilane kolliderte.
– Viser til tidlegare utsendt pressemelding om trafikkulykka i Florø, Kinn kommune – fredag 15. september 2023, kl. 22:45. Det var tre unge personar i bilen som tok fyr, som alle omkom. Pårørande er varsla. Krimteknikarar frå politiet er no i gang med undersøkelsar på staden. Etterforskninga pågår, og hendelsesforløpet er framleis ikkje klarlagd for politiet.
Dei ber no folk som har vore augevitne til ulykka om å kontakte politiet på tipstelefon: 476 96 060.
Det var like før klokka 23 fredag at politiet melde om ulykka. To bilar med totalt fem personar var involvert i ei ulykke, og den eine bilen tok fyr etter kollisjonen. Tre personar i den eine bilen døde i ulykka, medan dei to i den andre bilen blei sende til Førde sjukehus med det som verka å vere lettare skader.
For dei som treng nokon å snakke med i samband med ulykka er det sett ned eit kriseteam på Florø kulturhus. Der er det berre å møte opp.