For å unngå lang ventetid før sommarferien neste år, oppmodar politiet alle som treng nytt pass før sommarferien, til å bestille time allereie no.

Tusenvis av nordmenn har eit pass som anten har gått ut, eller som snart går ut. Politiet forventar at mange ønskjer å fornye passet sitt når det no er mogleg å reise meir igjen.

På grunn av pandemien gjekk mange pass ut i fjor utan at dei vart fornya, noko som kan by på problem om for mange vil ha nytt pass eller ID-kort samtidig.

For å unngå lange ventetider før neste års sommarferie, oppmodar politiet dei som treng eit nytt pass eller ID-kort til å bestille time allereie no.

– Viss alle som skal ha nytt pass eller nasjonalt ID-kort ventar til våren, blir det utfordrande å tilby timar til alle som ønskjer det, sjølv med utvida opningstider og fleire tilsette, seier Unni Norum, fungerande seksjonssjef i Politidirektoratet.

Vanlegvis har pass- og ID-kontora mest pågang i månadene mars til juli, men pågangen kan bli større neste år viss mange utset å fornye passet.

(©NPK)