Den siste veka har det vore fleire tjuveri av GPS- og sporingssystem frå gravemaskiner og anleggsmaskiner i Vest politidistrikt.
Det er dessutan registrert fem tjuveri av katalysatorar, alle saman frå bilar av typen Toyota Prius.
Det fortel politiet i ei pressemelding fredag.
– Vest politidistrikt ser ein klar samanheng mellom sakene, og vil bruka ressursar frå fleire einingar i ei samla etterforsking, skriv dei.
Politiet trur det er omreisande vinningskriminelle som står bak, og sjølv om alle tjuveria har skjedd i bergensområdet ber dei innbyggjarane i heile Vest politidistrikt om å passe litt ekstra på den nærmaste tida.
– Erfaringane frå politiet i heile Skandinavia er at det ofte er austeuropearar som utfører slike tjuveri som er nemnde her. Politiet oppmodar innbyggjarane til å vere årvakne, og anleggsbransjen spesielt, står det i pressemeldinga.
– Ha gjerne ekstra oppsyn med anleggsmaskiner i helga, avsluttar dei.