Politiet åtvarar mot omfattande fiskebedrageri

Illustrasjonsfoto frå Gunhildvågen i Florø. Foto: Arve Solbakken

Illustrasjonsfoto frå Gunhildvågen i Florø. Foto: Arve Solbakken

Av

Norsk politi har fått ei rekkje meldingar knytte til selskap utanfor Noreg som blir svindla ved at dei trur dei kjøper produkt frå norske bedrifter.

DEL

– Svindlarane opprettar falske nettsider der dei bruker namna til ekte norske fiskeribedrifter og ofte òg namn til leiinga eller tilsette. Informasjonen på nettsida verkar truverdig, seier Marthe G. Birkeland, avsnittsleiar ved Økonomiavsnittet ved Vest politidistrikt, til Ilaks.

Politiet har fått 40 meldingar, og fleire personar er arresterte. Kvitvaskarar er arresterte i fleire delar av landet.

– Problemet med nettsidene er at kontaktinformasjon ikkje stemmer. Tek ein kontakt, vil ein treffe på hyggjelege seljarar som har veldig gode tilbod på fiskeriprodukt, seier Birkeland.

Bedrifter frå Vestlandet er ofte brukte i bedragerisakene.

Ho tilrår at ein har kontakt med fiskeselgarar på videokonferanse.

– Legitime norske selgarar vil ikkje ha problem med dette, mens bedragarar truleg ikkje ønsker ei slik løysing, seier ho til iLaks.

Har ein kontakt med selgarar av fiskeprodukt på telefon, er det lurt å samstundes sjekke telefonnummeret på Gule sider, for å sjekke at nummer og kontaktperson samsvarar.

Politiet er kjent med følgande adresser på internett som bedragarane nyttar:

www.espevaerlaks.com
www.viemkcofisk.com
www.inkanorge.com
www.sunseaseafood.com
www.hansonfishingas.com
www.fjoksak.com
www.torsvagbruket.com
www.verager.pl
www.alincoas.com
www.langenesas.com
www.diamondshipping.org
www.norwegian-seafoodsupply.com
www.aschumsseafoodab.com
www.kjpedesen.com (dansk matvareeksportør, ikke fisk)
www.sjotrollhavbrukas.com

(©NPK)

Artikkeltags