Oslo-politiet ber arrangøren av måndagens støttemarkering i Oslo om å utsette. Dei ber alle arrangørar av pride-markeringar om å vurdere å gjere det same.

– På bakgrunn av informasjon frå PST og at det skeive miljøet er ein del av fiendebildet til ekstreme islamistar, er politiets klare anbefaling at kveldens pride-arrangement i Oslo vert utsett, og eventuelt andre pride-arrangement andre stader i landet blir vurdert utsett inntil vidare, seier politidirektør Benedicte Bjørnland.

Politiets tryggingsteneste (PST) vurderer trusselsituasjonen som ekstraordinær.

– PST vurderer at vi framleis står i ein ekstraordinær trusselsituasjon. Det er gjennomført ein terroraksjon, og det ligg føre ein uavklart trussel, seier Bjørnland.

Støttemarkeringen som var planlagt i Oslo ved Rådhusplassen, har fått råd om å utsette.

– Politiet har i dag vore i dialog med arrangøren av markeringa på Rådhusplassen i Oslo og anbefaler at arrangementet utsettast, seier politimeister i Oslo, Beate Gangås.