Den veldige pågangen frå nordmenn som skal fornya passet sitt, har ført til «passkrise». I ei ny forskrift gjer POD det mykje vanskelegare å få nødpass.

– Kriteria for å få nødpass vil bli stramma inn. Før kunne ein få nødpass om ein hadde gløymt pass heime, slik blir det ikkje lenger, seier Unni Norum, fungerande seksjonssjef i ID-seksjonen i Politidirektoratet (POD), til TV 2.

Norum opplyser vidare at POD jobbar med å klargjere kriteria i forskrifta. Det kan ta frå nokre dagar til ei veke.

Pandemien har gjort at svært få har hatt behov for å fornye passa sitt dei to siste åra, men no er pågangen enorm. Hittil i år har politiet registrert 533.000 søknader om pass og nasjonale ID-KORT. Til samanlikning registrerte politiet 270.000 søknader om pass i siste normalår, 2019.

– Det blir signalisert at liv, helse og særlege velferdsomsyn no skal vektleggjast, seier politioverbetjent og avsnittsleiar Asbjørn Svellingen i Vest politidistrikt til kanalen.

(©NPK)