Kvinne funnen død i vegkanten

Av

STRYN: Ei kvinne vart funnen død i vegkanten i Oldedalen natt til søndag. Ho vert no obdusert.

DEL

– Den omkomne vert sendt til obduksjon, opplyser operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt måndag morgon.

Kvinna var i 50-åra, og ho var busett i bygda, melder Firda.

Har truleg falle ned ein skrent

Politiet opplyser at det ikkje er mistanke om at det har skjedd noko kriminelt.

Funn på staden tyder på at kvinna har falle ned ein skrent. Det stadfester operasjonssentralen.

Oppdaga eit menneske i vegkanten

Det var forbipasserande i bil som oppdaga kvinna i vegkanten langs vegen i Oldedalen natt til søndag.

Regionlensmann Tormod Hvattum i Nordfjord seier at dødsfallet vert etterforska, men han ønskjer førebels ikkje å uttale seg om saka.

Artikkeltags