Skaut seg sjølv ved eit uhell, blir behandla av helsepersonell

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Det opplyser Vest politidistrikt.

DEL

Tysdag kveld kom det melding om at det har skjedd eit uhell på skyteanlegget Grovastøylen i Flora.

Ein person har skote seg sjølv i beinet ved eit uhell. Vedkommande vart først behandla av ambulanse på staden.

– Han blir sendt til sjukehus i Førde. Vedkommande var bevisst då vi fekk melding om det, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Terje Magnussen til Firda.

Han fortel at politiet har kontroll på våpenet, og at dei no vil undersøkje om det var eit reint uhell.

– Det blir nemnt at det kan vere eit kaliber .22-våpen i dei meldingane vi har fått så langt. Hendinga skjedde no i kveld, vi fekk melding om det klokka kvart over sju, seier Magnussen.

Hendinga skjedde ved skytebana ved Grovastølen i Flora kommune.

– Førebels er det for tidleg å seie noko om korleis episoden skjedde.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags