Steinbru har kollapsa i Askvoll, eldre mann lettare skadd

Ei steinbru har rasa saman og ein person i 70-åra skadde seg under hendinga, tysdag ettermiddag i Askvoll.

DEL

Politiet melde ved 15.30-tida om ei steinbru som hadde kollapsa i Fossedalen i Askvoll.

Ein mann i 70-åra gjekk over steinbrua då ei steinhelle sklei ut, noko som medførte at han fall ein meter og fekk lettare skader.

Både luftambulanse og redningshelikopter sette kurs mot Fossedalen, men mannen skal ha kome frå uhellet med lettare skader, melder politiet.

Artikkeltags