Hjort påkøyrd i Florø

FLORØ: Søndag morgon var det to hjortepåkøyrslar i Sunnfjord.

DEL

Det har vore ein del hjortepåkøyrsler den siste tida, melder Firda.

Søndag morgon vart ein hjort påkøyrd på Rv5 mellom Florø og Brandsøy. Ulykka skjedde ved infoskiltet rett ved den nye nedkøyringa til oljebasen.

Det vart også meldt om hjortepåkøyrsle i Naustdal same morgon.

Viltnemnda har blitt kalla ut i begge sakene, fortel Gunnar Englund i politiet.

Ingen av sjåførane vart skadde i dei to ulykkene.

Artikkeltags