– No ser vi ein del farleg køyring på vegane

Det er vår i lufta og mykje trafikk på vegane. Det fører også til farlege situasjonar i trafikken her i fylket, så tenk tryggleik i trafikken, oppfordrar Arne Johannessen, leiar for politiet i Sogn og Fjordane.

DEL

Det er vår i lufta og mykje trafikk på vegane våre. Både lokalt politi og UP har hatt ein del kontrollar i det siste. Politiet i Sogn og Fjordane har delteke aktivt og avdekka ein del farleg køyring, seier leiar for politiet i Sogn og Fjordane, politiinspektør Arne Johannessen.

Han meiner det er urovekkande at av 206 bilar som vart kontrollerte for fart, så vart det 36 reaksjonar. Det er 17 prosent av alle kontrollerte.

– Det var to mc-førarar med svært stor fart, med 139 og 145 km/t i 80-sona. Desse stakk av frå politiet, men det er oppretta sak, fortel Johannessen.

Framleis møter dei også på for mange utan setebelte under køyring. Og innimellom ser ein også usikra born i bil, fortel han.

– Det er svært uansvarleg å ikkje sikre born forsvarleg i bilen, seier Johannessen.

At bilførarar nyttar mobil under køyring er også stadig ein stor tryggleiksrisiko på vegane.

– Trass i at det no er innført to prikkar og det kostar kr 1700 å nytte mobil under køyring, er det framleis eit stort problem, seier han.

Politiinspektøren fortel at politiet i Sogn og Fjordane vil ha fokus på trafikktryggleik utover våren og sommaren. Særleg er fokuset retta mot høg fart og køyring når ein er påverka av rus.

– Trafikktryggleik er alle sitt ansvar, understrekar Johannessen.

 

Artikkeltags