Ein mista lappen ved Eikefjord

EIKEFJORD: Ein bilførar suste forbi UP, som hadde kontroll på Rv 5 ved Knapstad torsdag. Det skulle han ikkje ha gjort.

DEL

Torsdag hadde utrykkingspolitiet (UP) laserkontroll ved Knapstad på riksveg 5. Der tok dei fleire fartssyndarar, melder Firda.

Totalt fem førarar vart tekne for å køyre for fort, den høgaste farten som vart målt var 107 km/t i 80-sona.

I tillegg til desse vart ein bilførar politimeldt og fekk førarkortet kversett etter å ha blitt målt med 119 km/t.

Fredag morgon var det også kontroll, då var politiet i Kalvåg og hadde promillekontroll. 36 førarar vart kontrollerte, og ingen hadde utslag. Det melder Vest politidistrikt på Twitter.

Artikkeltags