Politiet skal administrerast frå Førde

Artikkelen er over 3 år gammel

Det melder Vest politidistrikt i ei pressemelding.

DEL

Administrasjonssted for Vest politidistrikt sine tre geografiske driftseiningar  (GDE) og tenesteeiningar (lensmanns- og politistasjonsdistrikt) er no fastsett, skriv politidistriktet i ei pressemelding.

Administrasjonsstad for dei geografiske driftseiningane vil bli:

• Førde i Sogn og Fjordane driftseining

• Voss i Hordaland driftseining

• Bergen sentrum i Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden driftseining

Både kommunar og fagforeiningar har vore invitert til høyring om dei geografiske driftseiningane sine ansvarsområde og eventuelle endringar i lokalisering av leiinga i dei nye geografiske driftseiningane.

Administrasjonssted for tenesteeiningane i Sogn og Fjordane vil bli : Nordfjordeid i Nordfjord, Førde i Sunnfjord, Sogndal i Sogn.

Forslaget til val av administrasjonssteder for tenesteeiningane byggjer på det totale arbeidet med nærpolitireforma og endring av tenestestrukturen i Vest politidistrikt.

Fleire aktørar og interessentar har vore involvert i arbeidet med endring av tenestestrukturen.

Politidistriktet sin samansette arbeidsgruppe og deira rapport, samt risiko- og sårbarheits vurderinga (ROS-vurderinga), drøftingar i styringsgruppa, innspel frå kommunane i deira høyringssvar, har alle vore sentrale i valet av administrasjonssted for politidistriktet sine tenesteiningar.

- Dei  nye leierane for dei geografiske driftseiningane må vere mobile og forberedt på å reise rundt i sin driftseining. Administrasjonen til leiaren kan ha ein desentralisert plassering, der administrativ fagkompetanse er lokalisert fleire steder i den geografiske driftseininga. Dei nye administrative einingane vil ikkje medføre oppbygging av ny og større bygningsmasse eller mange nye arbeidsplasser på det staden der leiaren av den geografiske driftseininga vil ha sitt administrasjonssted, seier seier Helge Stave, prosjektleiar "Prosjekt nytt politidistrikt".

- Det same gjeld for  administrasjonsstaden for dei nye tenesteeiningane, som er lensmanns- og politistasjonsdistrikta. Vi jobbar no med bemanninga av dei nye tenesteiningane i politidistriktet. Fagstillingar vil i stor grad framleis ligge ute i einingane, seier Helge Stave.

Artikkeltags