Politiet trur tjuvbande står bak to minibankinnbrot

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Minibankar på Skei og i Stryn har vore utsatt for innbrotsforsøk.

DEL

Minibanken på Skei har blitt utsett for eit innbrotsforsøk.

Det er uvisst om tjuvane har fått med seg pengar.

– Vi trudde først at tjuveriet skjedde natt til i dag, men no kan det tyde på at forsøket har skjedd tidlegare i veka, seier operasjonsleiar Bengt Næss i Vest politidistrikt til Firda

Politiet trur det er dei same tjuvane som står bak eit innbrotsforsøk i ein minibank i Stryn, som står bak. 

– Det er brukt same metode, nemleg at overvakingskameraet har blitt spraya over.

Fire menn blei arresterte i Lom etter innbrotet i Stryn og dei er varetektsfengsla. 

Les også: Spraya ned overvakingskamera under innbrotsforsøk

Politiet ber om tips frå publikum: 

– Banken er på utsida av lokalet, så dersom nokon har sett noko, må dei ta kontakt.

Artikkeltags