Frode Kolltveit på Operasjonssentralen i Bergen melder at det har vore ei forholdsvis roleg natt i Sogn og Fjordane.

Men i Florø vart ein berusa person observert sovande på ei trapp av ein forbipasserande bil. Politiet kom og plukka opp mannen i slutten av 20-åra og leverte han heime hos mor.

Vidare vart ein berusa person påtuffen i Strandgata.

- Han var svært berusa og hadde vanskar med å gå. Han hadde forsøkt å bestille taxi utan å få det til, så han blei også køyrd heim av patruljen, ettersom dei vurderte at han var i stand til å ta vare på seg sjølv, opplyser Kolltveit.

Frå Kalvåg melde ein person ein valdsepisode inn til AMK. Meldar opplyste at han var blitt blei slått til og blødde frå ansiktet. Men verken politi eller ambulanse fekk kontakt med vedkommande etterpå.

- Det vart forsøkt å ringe, og ambulanse har vore på adressa, men der var det mørkt, og vi fekk ikkje kontakt med vedkommande.