Innbrot i bil i Bjørkumvegen, Skridsholsgata og på Ragnarrud.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Politiet fekk melding klokka 10.30 i føremiddag om at hadde vore innbrot i ein bil i Bjørkumvegen i Florø. Bilen vart også utsett for skadeverk. Ruta på passasjersida framme er knust.

Politiet har vore i kontakt med bileigar, og så langt er det stadfesta at ein GPS er stole.

Innbrotet og skadeverket har skjedd i løpet av natta. Politiet vil gjere undersøkingar på staden. Ifølge NRK er det også meldt om innbrot i bilar i Skridsholsgata og på Ragnarrud.

Artikkeltags