Tørrkokte nattmaten, enda med full brann-utrykking

FLORØ: Alarmen gjekk i omsorgsbustad.

DEL

Like før halv fire natt til torsdag gjekk brannalarmen i ein omsorgsbustad i sentrum av Florø, melder politiet på twitter.

Brannvesenet rykka ut til det som viste seg å vere ei tørrkoking med røykutvikling. Bebuaren på adressa hadde blitt svolten og skulle lage seg nattmat, utan å fullføre prosjektet.

Leilegheita trong berre ein runde med utlufting før bebuaren kunne vende tilbake.

Artikkeltags