Kvinne rodde i fylla, nekta å ta imot hjelp

Politiaksjon av det litt uvanlege slaget på Sognefjorden

DEL

Natt til tysdag, ved halv to-tida, blei naudetatane alarmerte og rykka ut for å berge ei kvinne ute på Sognefjorden i Høyanger.

Kvinna sat om bord i ein robåt og ho greidde ikkje å kome seg til land. Det var ifølgje politiet sin twittermelding inga tvil om at ho var rusa, for då redningsmannskap kom ut til ho, byrja ho å truge dei.

Ved halv seks-tida var kvinna vel i land og sett i arresten. Ho vil bli politimeld for forulemping av offentleg tenestemann.

Artikkeltags